Heim Musikk Luren Studio Tjenester Apps Butikk
🛒

🛒 Handlevogn

Handlevogna er tom

Om SvivSviv ikon Kjøp Sviv

Elastisk rytmeverktøy for meir enn berre å halde takta.

Sviv – rørsle, snurr og flyt. Ordet viser til rytmens kretsløp, dansens energi og augneblinken der alt er i bevegelse.

📦 Last ned Sviv

✨ 5 dagers gratis prøveperiode – ingen kredittkort nødvendig

🍎 Last ned (Apple Silicon) 💻 Last ned (Mac Intel)

Etter prøveperioden kan du kjøpe lisens i butikken

Oversikt

SVIV er ein elastisk metronom og eit rytmeverktøy designa for musikarar som vil utforske levande rytmar, asymmetriske taktartar og mikroskopiske timing-variasjonar. I staden for eit fast BPM-system arbeider SVIV med flytande syklusar der rytmen kan puste – slik rytmar tross alt er i praksis.

Appen gir deg innsikt i kva som svingar fordi det går jamt – og kva som svingar nettopp fordi det ikkje gjer det. Med justeringsmuligheter ned til prosentdesimalar finn du svaret på kvar bristepunktet ligg mellom presisjon og groove.

Når du brukar SVIV, kan du:

  • Lage dine eigne rytmar med valfri lengd, betoning og underdeling
  • Øve med skakke takter som Pols, Polska og Springar
  • Utforske syklusar der kvart slag kan ha ulik varigheit
  • Køyre fleire instansar samtidig – i sync, eller kvar sitt tempo
  • Bruke den innebygde sequenceren sin "følg" modus til å spele presise basslinjer over rytmen metronomen er innstilt på
  • Bruke den innebygde sequenceren til å ta opp og lage kø av komplekse rytmesekvensar og bassgangar

Bruk som:

  • Frittståande assymmetrisk metronom
  • MIDI-beatmaskin og sequencer som du sender hardware og software, til eksterne synthar og DAWs

Demo frå hovedvindu

Viktig merknad! SVIV sine utvida funksjonar er i form av MIDI prosessering. Tonale funksjonar er kun tilgjengeleg dersom du har andre program som kan generere midi lyd.

Bruksområde

Utøvarar

Utøvarar kan bruke SVIV til å utforske mikrostrukturar i rytme og lære seg korleis ein kan dra i enkelte taktslag for å skape liv i grooven.

Appen gjer det enkelt å arbeide med assymetriske taktartar – som i Pols, Polska, Valdres- og Telespringar – og andre levande folkedansformer.

Med den innebygde sequenceren kan du forme nøyaktige rytmeforløp for øving, eksperimentere med transformasjonar frå referanserytmar, og trene på både polyrytmar og ulike måtar å oppfatte sving på.

Sequencerfunksjonen gjer det òg mogleg å programmere bassganger og lage låtløp, slik at metronomen kan nyttast både i komponering, øving og liveframføringar.

Ensemble / Samspel / Dans

SVIV kan køyre fleire metronomar samtidig og sende signal til ulike MIDI-utgangar, kvar med sitt rytmiske mønster eller tempo. Dette gjer det mogleg å programmere alt frå basslinjer og trommelydar til komplekse polyrytmar og samspel mellom ulike tidsnivå.

Sidan appen kan sende midi inn til DAW-ar, er det enkelt å route kvar metronom til separate kanalar. Slik vil det være lett å sende metronomane til kvart sitt headsett, trådlause in-ear system, monitorar, eller andre lydutgangar.

Appen kombinerer lyd og visuelle indikatorar, slik at du kan samhandle både med og utan lyd. Slik opnar SVIV for kreative bruksområde som endå ikkje er utforska – eit verktøy for dei som vil utfordre grensene for rytme og samspel.

Improvisatørar

For deg som jobbar med improvisasjon, er SVIV eit verktøy for å skape fleksible og organiske tidsrammer. Du kan byggje mønster der kjernepuls kan variere fritt, eller teste alternative indre proporsjonar i sanntid. Du kan også setje ein person til å styre, variere, og spele på metronomane.

Med SVIV kan ein også lage ekstreme rytmiske landskap med mange asymmetriske underdelte slag i sakte og raskt tempo. Kombinert med sequencer med MIDI følgefunksjon for å spele på keyboard, er det lett å skape vanvittige og kaotiske lyder saman med VST biblioteket du f.eks. har i din DAW.

Demo av ein omfattande rytmisk sekvens

Komponistar og arrangørar

SVIV lar deg byggje polymetriske og asymmetriske taktformer ved å justere prosentfordeling, underdelingar og lengda på kvart slag. Du kan skape komplekse rytmesekvensar, utforske mikroskopiske tidsforskyvingar, og forme groover som ligg utanfor det standardiserte rutenettet i ein DAW.

Når du er nøgd med resultatet, kan du eksportere MIDI-data direkte til produksjonsmiljøet ditt eller overføre det til eit noteskrivingsprogram for transkripsjon og arrangering. Slik fungerer SVIV som eit komposisjonsverktøy som byggjer bru mellom levande rytmisk uttrykk og digital produksjon.

SVIV kan òg brukast til å analysere eksisterande musikk: Tapp inn rytmen frå eit opptak, og programmet vil berekne mikrotiming, CPM og prosentfordeling – slik at du utan problem kan rekonstruere tempo og slaga til rubato musikk, full av fermater. Ideelt om du skal transkribere musikk som har fri timing - eller jobbe med arrangement og scoring til ein demo som "ikkje tok dette med tempo så nøye".

Musikkpedagogar

SVIV gjer undervisning i rytme, timing og groove konkret, visuelt og interaktivt. Du kan vise korleis levande taktartar skil seg frå ein jamn kvartpuls, visualisere prosentfordeling i asymmetriske mønster, og gje elevane eit tydeleg bilete av kva som gjer ei rytme ujamn – og kvifor den likevel kan svinge.

Med SVIV kan elevane sjå, høyre og måle forskjellar i timing, og få ei djupare forståing av korleis mikrotiming påverkar groove og musikalsk uttrykk. Appen eignar seg både til individuell undervisning og arbeid i gruppe, og gjer abstrakte konsept som prosentfordeling, polyrytmar og CPM konkrete og tilgjengelege.

Forskarar og analytikarar

SVIV registrerer detaljerte timingdata som taktar per minutt (CPM), gjennomsnittleg takt-tid og prosentfordeling per slag. Dette gjer det mogleg å analysere og samanlikne rytmiske praksisar på tvers av stilarter, epokar, tradisjonar og individuelle utøvarar.

Med SVIV kan du dokumentere og visualisere forskjellar i rytmisk utføring, undersøkje stabilitet og konsistens i tapping over tid, og hente fram målbare data som viser korleis mikrotiming varierer mellom ulike musikalske kontekstar.

Verktøyet kan slik eigne seg til forsking innan etnomusikologi, rytmeanalyse og musikkpsykologi – eller som eit middel til å utforske og kartleggje personlege rytmiske særtrekk hos enkeltutøvarar.

Funksjonar og verktøy

Hovudvindauge

Hovudvindauget i SVIV består av eit interaktivt metronomhjul med visuelle slagkort, der du kan forme rytmen din direkte gjennom intuitive kontroller.

  • Metronomhjul (sirkulær visning): Ei visuell representasjon av syklusen din, der kvart slag er vist som eit kakestykke. Storleiknon på kakestykket viser kor mykje tid slaget får av totalen. Du kan dra i kakestykkene for å justere prosentfordelinga, og klikke på dei for å endre underdelingar.
  • Slagkort (beat cards): Visuelle modulære "kort" for kvart slag, med slider for tyngd/prosent, underdelingstellar, og MIDI-parametrar. Du kan skrive inn verdiane direkte eller dra i sliderene for å justere. Kvar beat kan få si eiga tonehøgde for bruk med eksterne synthar.
  • CPM (Cycles Per Minute): Viser kor mange komplette syklusar (takter) som blir spelt per minutt. Dette gir ein meir presis tempomåling enn tradisjonell BPM når du jobbar med asymmetriske rytmar.
  • Prosentfordeling: Kvar beat kan få ein del av total takt-tid, vist som prosent. Dette gjer det mogleg å modellere ujamn intern struktur – slik at du kan lage rytmar med naturleg "sving" eller asymmetriske pulsar.
  • Underdeling per beat: Uavhengig styring av underdelingar (opp til 16 per slag) for enkeltslag. Dette lar deg lage komplekse rytmiske strukturar med varierande detaljeringsnivå.
  • Tyngd og lyd: Eige volum for master-slag og underdelingar, med WAV-basert klikklyd (click.wav). Du kan opne lydpanelet (W) for å justere lydstyrke og klangkarakter.

Sequencer

SVIV har ein innebygd sequencer som let deg ta opp og lagre rytmesekvenser med komplekse arrangement.

  • 9 separate takt-loops: Ta opp og lagre opp til 9 ulike rytmiske loops, med høve til å leggje til og forme bassgangar per loop. Dette gjer det mogleg å byggje komplekse rytmiske arrangement.
  • 1-shot eller loop kø-system: Sett opp ei rekkefølgje av dine forhåndslagra loops, og spel dei av i sekvens eller som ein kontinuerleg loop. Med hotkeys (1-9) kan du legge til og redigere køene dine som ein loopstation.

Demo av sequencer som endrer taktmønster med loopa kø

Tap-tempo

SVIV har eit presist tap-tempo-verktøy for å fange levande timing og eksportere rytmedata.

  • Presist tap-tempo: Eit eiget tap tempo vindauge fangar nøyaktig tid per slag når du tappar inn rytmen. SVIV reknar ut snittet av rytmen du tappar inn slik at du kan laste dette direkte inn i metronomen. Dette er perfekt for å herme etter rytmar frå opptak, eller for å fange din eigen idelle takt-gyng.
  • MIDI-eksport: Eksportér ein lang serie av tappa slag som MIDI-fil og bruk dei i DAW-ar eller noteskrivingsprogram. Denne funksjonen lar deg f.eks. importere eit beat-map av ei låt som er spelt inn fritt utan klikk, og framleis kunne transkribere opptaka med det som vil sjå ut som vanleg notasjon.

Demo av takttelling

Presets frå verdsrytmar, og moglegheit for lagring og masseimport

SVIV kjem med eit knippe ferdige presets for rytmar innan norsk folkemusikk og dans, og eit lite utval rytmar frå europa. Vidare lar den deg lagre dine eigne taktstrukturar, med moglegheit for mappeimport som opnar mange metronomar på ein gong. Du vil også kunne dele dine presets med andre.

  • Eksport / import av taktpreset: Lagra syklusdata (metronome_data) og henta dei seinare gjennom Lagre / Importer-menyen. Appen lagrar taktart, underdeling, slag-tyngde, tempo, volum, underdelingsvolum, bassgang og lagra looper i sequenceren. Slik kan du bruke den til å "lagre låtar" også. Du kan også dele presets med andre musikarar.
  • Lagring i katalogar: Organiser takt-strukturar i mapper (lagratakter, Metronomes) for enkel gjenbruk og deling. Det er mogleg å masseimportere heile katalogar med takt-presets, som vil åpne fleire metronomar samtidig.

Demo av preset lasting

Demo av masseimport

Fleire instanser i synk

SVIV kan køyre fleire metronomar samtidig, kvar med sitt eige mønster, tempo og fargetema – men med synkronisert start og stopp.

  • Ubegrensa instansar: Kjør så mange metronomar som du trenger samtidig, kvar med eige fargetema og visuell identitet.
  • Synkronisering: Vel om instansane skal ha synkront tempo, eller om dei skal køyre med individuelle tempo. Du kan også velje om dei skal starte og stoppe samtidig, eller ha uavhengig kontroll.
  • Polyrytmar: Bygg komplekse polyrytmiske strukturar ved å kombinere fleire metronomar med ulike sykluslengder eller tempo. Dette gjer det mogleg å øve på avanserte rytmiske samanhengar.

Demo av multi-instans

Kompatible lydprogram

SVIV sender MIDI-signal som kan bli omsett til lyd i dei fleste profesjonelle lydprogram (DAW-ar) og VST-instrument. Her er nokre av dei mest populære:

Logic Pro

Apple sitt profesjonelle DAW med omfattande VST-støtte

GarageBand

Apple sitt gratis DAW, perfekt for nybyrjarar og hobbymusikarar

Ableton Live

Populært for live-framføringar og elektronisk produksjon

Cubase

Steinberg sitt kraftige DAW for komponering og produksjon

Pro Tools

Industristandardar for lydopptak og miksing

FL Studio

Intuitivt DAW med sterk MIDI-støtte

Reaper

Lett og fleksibelt DAW med full MIDI-funksjonalitet

Studio One

PreSonus sitt moderne DAW for produksjon

Bitwig Studio

Moderne DAW med innovativ MIDI-handtering

I tillegg fungerer SVIV med alle VST-instrument og lydmoduler som støttar MIDI-input, samt notasjonsprogram som Dorico, Finale og Sibelius.