Heim Butikk
🛒

Handlevogn

🛒

Handlevogna di er tom

Salgsvilkår

Gjeldende fra: 13. november 2025

Desse salgsvilkåra gjeld for kjøp av digitale tenester og fysiske produkt frå Austestad.

1. Avtalepartnarar

Seljar:
Hans Martin Austestad
Organisasjonsnummer: 988 758 434
Adresse: Krokeidluren 18, 5244 Fana
E-post: post@lurenstudio.no
Telefon: +47 95 111 560

Kjøpar: Den personen som gjennomfører kjøp via nettsida eller ved direkte avtale.

2. Pris og betaling

Alle prisar er oppgitt i norske kroner (NOK) og inkluderer merverdiavgift (mva.) der dette er aktuelt.

Vi aksepterer betaling med:

  • Vipps
  • Bankkort (Visa, Mastercard)

Betalinga vert behandla av ein trygg tredjepartsteneste. Betalinga må vere gjennomført før levering.

3. Leveringstid og leveringsmåte

Digitale tenester og produkt

Digitale produkt som programvare, musikkfiler, eller liknande vert levert elektronisk umiddelbart etter at betalinga er stadfesta. Du mottar nedlastingslenke eller tilgangskode via e-post.

Fysiske produkt

Fysiske varer som CD-ar, vinylplater eller tilsvarande vert sendt med Posten eller annan fraktleverandør. Normal leveringstid i Noreg er 2-5 verkedagar etter at betalinga er motteken. Frakt kjem i tillegg til produktpris, og prisen vert vist i kassen før du fullfører kjøpet.

4. Angrerett

Digitale tenester og produkt

Du har IKKJE angrerett på digitale produkt. I samsvar med angrerettlova § 22 bokstav a, gjeld ikkje angreretten for digitalt innhald som du har fått tilgang til. Ved å starte nedlastinga eller få tilgang til produktet, samtykker du eksplisitt og erkjenner at du misser angreretten.

Viktig: Me tilrår sterkt at du lastar ned og testar gratis trial-versjonar av programvara før du kjøper, for å sikre at produktet fungerer på din maskin og dekker dine behov.

Fysiske produkt

For fysiske varer har du 14 dagars angrerett frå den dagen du mottek varen. For å nytte angreretten må varen returnerast i uopna og original tilstand. Porto for retur må du betale sjølv. Meld frå om retur innan 14 dagar til e-post: post@lurenstudio.

Etter at vi har motteke varen i returnerbar stand, vil vi tilbakebetale kjøpesummen innan 14 dagar.

5. Reklamasjonsrett

Viss produktet er mangelfullt, har du rett til å reklamere i samsvar med kjøpslova og forbrukarkjøpslova. Kontakt oss på e-post post@lurenstudio.no for å melde reklamasjon. Vi vil svare så raskt som mogleg og finne ei løysing.

Reklamasjonsfristen er 2 år frå du mottok produktet for fysiske varer, og 2 år frå kjøpsdato for digitale tenester, avhengig av type produkt.

6. Personvern og personopplysningar

Vi behandlar personopplysningar i samsvar med personopplysningslova og GDPR. Informasjon om korleis vi behandlar personopplysningane dine, finn du i vår personvernerklæring.

Opplysningar som namn, adresse, e-post og telefonnummer vert samla inn for å gjennomføre kjøpet og levere produktet. Vi deler ikkje opplysningane med tredjepart utanom det som er nødvendig for betaling og frakt.

7. Ansvarsbegrensing

Austestad er ikkje ansvarleg for indirekte tap eller følgjeskader som følgje av bruk av produkta, med mindre skaden skuldast grov aktløyse eller forsett frå vår side.

Vi tek forbehold om trykkfeil på nettsida og om at varer kan vere utsolgte.

8. Immaterielle rettar

Alt innhald på nettsida, inkludert tekst, bilete, musikk, programvare og grafisk design, er beskytta av opphavsrett og tilhøyrer Austestad eller våre samarbeidspartnarar. Du har ikkje lov til å kopiere, distribuere eller på annan måte bruke innhaldet kommersielt utan uttrykkjeleg samtykke.

9. Klageorgan

Dersom du er misnøgd med handelen eller løysinga av ei tvist, kan du klage til:

Forbrukarrådet
www.forbrukerradet.no

Forbrukertilsynet
www.forbrukertilsynet.no

10. Lovendring og oppdatering av vilkår

Vi kan oppdatere desse vilkåra ved behov. Endringar vert publisert på denne sida, og ved vesentlege endringar vil du bli varsla via e-post dersom mogleg. Ved å halde fram med å bruke tenestene våre etter endringar, godtek du dei oppdaterte vilkåra.

11. Kontaktinformasjon

For spørsmål om salgsvilkåra eller kjøp, kontakt oss på:

E-post: post@lurenstudio.no
Telefon: +47 95 111 560