Heim Musikk Luren Studio Tjenester Apps Butikk
🛒

🛒 Handlevogn

Handlevogna er tom

Austestad musikkapplikasjonar

Profesjonelle verktøy for musikarar som ønsker finmaska kontroll i øving, utøving og elektronisk produksjon og forsking.

📦 Last ned og prøv gratis

✨ 5 dagers gratis prøveperiode – ingen kredittkort nødvendig

Svev

Svev

Sviv

Sviv

💡 Etter prøveperioden kan du kjøpe lisens i butikken

Om utviklinga

Svev og SVIV er utvikla av musikar, komponist og musikkpedagog Hans Martin Rundberg Austestad (2025)

Svev – Bakgrunn

SVEV vart først til i eit forsøk på å gjenskape Eivind Groven sitt reinstemmingsorgel i MPE versjon, som gjer det mogleg å koble reinstemming til VST bibliotek og MIDI lydar som mange komponistar og utøvarar allereie har på datamaskinane sine. Tidlegare Groven appar eksisterer, men har hatt begrensa bruksmogleghei og har blitt utdaterte. For å gjere appane enkelt vedlikeholdbare er dei koda som enkeltståande i kodespråket Python. Dette skal gjere dei lette å vedlikehalde dersom systemendringar skjer.

Den nye MPE teknologien, introdusert i 2018, gjev tilgang til fleire nyttige funksjonar. Appen er utvikla for å gjeve musikarar, komponistar, pedagogar og forskarar eit presist og intuitivt reiskap for å utforske harmoniske kontekstar og stemmingar – frå naturtonebasert reinstemming til historiske tempereringar og eksperimentell mikrotonalitet.

Sviv – Bakgrunn

SVIV byrja som ein metronom som kunne handtere asymmetriske norske taktartar. Etter kvart som nye moglegheiter opna seg i utviklingsprosessen, vaks appen til å omfatte fleire nyttige funksjonar bygd på same timingprinsipp om å bytte ut slag per minutt, med runder per minutt. Dei fleste groovye taktarter har nemleg den kvaliteten at ulike slag haler og skubber takta.

SVIV skal være nyttig til øving, utøving, komponering, analyse og transkripsjon. No kan også MIDI format spele Telespringar som er lesbart og korrekt notert.

Filosofi

Med mange års erfaring som musikar, låtskrivar og komponist speglar Austestad sine prosjekt ei praktisk forståing av behova og kompleksiteten i musikkproduksjon – særleg korleis eksisterande verktøy ofte ikkje fangar opp vesentlege og ganske vanlege musikalske nyansar i kreative samanhengar. Filosofien bak appane er å vere merksam på desse manglane og fylle dei med meiningsfulle og brukervennlege løysingar.

Austestad – filosofi

Det er viktig å understreke at Austestad Apps er eit personleg initiativ, ikkje eit kommersielt prosjekt. Appane er utvikla utan økonomisk støtte og utan promobudsjett. At brukarar deler erfaringar og peikar på nytteverdien, betyr difor mykje. Det er for tida ikkje planlagt jamlege oppdateringar eller nye funksjonar, men appane vil bli haldne ved like dersom systemendringar gjer det nødvendig.