Heim Musikk Luren Studio Tjenester Apps Butikk
🛒 0

🛒 Handlevogn

Handlevogna er tom

Reed Lab

For fagottstudentar, profesjonelle fagottistar og rør-makarar.

Smakebit frå appen

Behavioral Cane Mapping i testversjonen.

Reed Lab Behavioral Cane Mapping

Analyse- og loggverktøy for fagottrør med fokus på målbare eigenskapar, resonansdata og systematisk reed-analyse.

Reed Lab hjelper deg å loggføre materialkvalitet aktivt medan du lagar fagottrør, samanlikne kva som faktisk fungerer, og byggje opp eit personleg kunnskapsgrunnlag for meir stabile og musikalske resultat.

Meld interesse for testversjon

Nokkelfunksjonar

Material- og geometrilogging

Registrer lengde, bredde, tjukkleik, hardheit, frekvens og bøyeeigenskapar i ei samla prøvehistorikk.

ARE-basert vurdering

Systematisk modell inspirert av Are Bøen Lauritzen sin metode for å knyte materialdata til musikalsk resultat.

Reed-evaluering over tid

Poengset respons, stabilitet, intonasjon, tone og levetid for å finne mønster i kva som faktisk fungerer.

Offline-først

Appen er heilt offline: all data blir lagra lokalt utan innlogging, med støtte for import og eksport for analyse og vidare bruk.

Kvifor bruke Reed Lab?

Små forskjellar i emne og bearbeiding kan gi store utslag i respons, stabilitet og klang. Reed Lab gjer det mogleg å dokumentere kva som faktisk fungerer i ditt oppsett, slik at gode resultat blir lettare å gjenta - og ueigna emne enklare å luke ut tidleg.

Målet er høgare treffsikkerheit i fagottrørproduksjonen, mindre unødvendig tidsbruk og ein meir motiverande, nesten spelelignande arbeidsflyt medan du byggjer erfaring over tid.

Frå appen

Skjermbilete frå Home, Behavior og reed-vurdering i den nyaste testversjonen.

Reed Lab Home med statistikk og navigasjon Behavioral Cane Mapping med suksessgraf Behavior-seksjon med resonansvindu og dynamiske soner Redigering av reed-score med glideskalaer

ARE-systemet - grunnlaget i Reed Lab

Reed Lab byggjer på det praktiske analysearbeidet til den profesjonelle fagottisten Are Bøen Lauritzen og metodane hans for å analysere seg fram til best mogleg røyr-emne. Arbeidet i Something About Cane ligg til grunn for korleis appen knyter observasjonar til konkrete val i røyrarbeidet.

Metoden tek i bruk både fysiske og akustiske prinsipp, mellom anna naturfrekvens, fleksibilitet, stivheit og respons. Dette gir eit praktisk rammeverk for å samanlikne emne og sjå kva som mest sannsynleg vil fungere i ditt oppsett.

Samstundes er den viktigaste suksessfaktoren alltid dine eigne vurderingar av røyr du faktisk spelar på. Over tid peilar appen seg inn på kva som gjer at eit røyr fungerer for akkurat deg.

Reed Lab er under aktiv utvikling. Første offentlege testversjon kjem snart.

Til apps oversikt